Side:Nye testamente (1889).djvu/376

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


11 For derſom det burtkvervande var i Herlegdom, kor myket helder maa daa ikkje det vedvarande vera i Herlegdom?
12 Sidan me daa hava ſlik Von, ſo ganga me fram med hugheilt Mot.
13 og gjera ikkje ſom Moſes, ſom lagde ei Sløda yver Andlitet ſitt, ſo at Israels Born ikkje ſkulde ſtira paa Enden av det, ſom ſkulde kverva burt.
14 Men deira Tankar ero forherde; for lika til denne Dag ligg den ſame Sløda yver Leſingi av den gamle Pakti, utan aa verta burtteki; for i Kriſtus kverv ho burt;
15 men til denne Dag ligg Sløda yver deira Hjarta, naar Moſes vert leſen.
16 Men naar det umvender ſeg til Herren, daa vert Sløda teki burt.
17 Men Herren er Anden; men der Herrens Ande er, der er Fridom.
18 Men me alle, ſom med berrt Andlit ſjaa Herrens Herlegdom ſom i ein Spegil, verta umlagade til det ſame Bilæte fraa Herlegdom til Herlegdom, likaſom av Herren, ſom er Anden.

4de Kapitlet.

 Difyre, daa me hava denne Teneſta, lktaſom me hava fenget Misſkunn, ſo verta me ikkje trøytte,
2 men me hava avſagt dei ſkammelege Løynvegar og ganga ikkje fram med Svik elder forfalſka Guds Ord, men ved aa kunngjera Sanningi ſtella me oſs ſjølve fram fyre kvar Manns Samvit fyre Guds Aaſyn.
3 Men er og vaart Evangelium dult, ſo er det dult fyre deim, ſom verta fortapte,
4 fyre deim, ſom denne Heimſens Gud heve blindat vantruande Folks Tankar hjaa, ſo at Ljoſet av Evangeliet um Kriſti Herlegdom, hans, ſom er Guds Bilæte, ikkje ſkal ſkina fyre deim.
5 For ikkje oſs ſjølve forkynna me, men Kriſtus Jeſus ſom Herre, men oſs ſjølve ſom dykkar Trælar fyre Jeſu Skuld.
6 For Gud, ſom agde, at Ljoſet ſkulde ſkina utor Myrkret, er den, ſom let det ſkina i vaare Hjarto til aa lata Kunnſkapen um Guds Herlegdom i Jeſu Kriſti Aaſyn lyſa.
7 Men me hava denne Skatten i Leir-Kjerald, ſo at den rike Krafti maa vera av Gud og ikkje av oſs,
8 medan me i alle Ting ero trengde, men ikkje underkuade, tvilande, men ikkje fortvilande,
9 forfylgde, men ikkje uppgjevne, ſlegne ned, men ikkje øydelagde,
10 altid berande den Herre Jeſu Kriſti Daude um i Likamen, ſo at og Jeſu Liv maa verta openberrat i vaar Likam;
11 for um me liva, verta me altid yvergjevne til Dauden fyre