Side:Nye testamente (1889).djvu/375

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

10 Men den, som de tilgiva, tilgiv og eg. For um eg og heve tilgjevet nokon, heve eg tilgjevet fyre dykkar Skuld fyre Kristi Aasyn,
11 at me ikkje skulo verta daarade av Satan; for me ero ikkje uvitande um hans Skalkeraad.
12 Men daa eg kom til Troas fyre Kristi Evangeliums Skuld, og ei Dyrr vart opnad fyre meg i Herren,
13 daa hadde eg ikkje Ro i min Ande, avdi eg ikkje fann min Broder Titus; men eg tok Avskil med deim og gjekk til Makedonia.
14 Men Gud vere Takk, som all Tid fører oss fram paa Sigerferd i Kristus og openberrar sin Kunnskaps Ange ved oss paa kvar Stad!
15 For me ero Kristi gudelege Ange fyre Gud imillom deim, som verta frelste, og imillom deim, som verta fortapte,
16 fyre desse ein Daudens Ange til Dauden, fyre hine ein Livsens Ange til Liv. Og kven er dugleg til dette?
17 For me ero ikkje likasom dei mange, som misbruka Guds Ord til eigi Vinning, men som i Reinleike, men som av Gud, fyre Guds Aasyn i Kristus tala me.

3die Kapitlet.

 Byrja me aa rosa oss sjølve atter? elder trenga me daa, likasom sume Folk, til aa hava Lovords Brev med til dykker, elder Lovords Brev ifraa dykker?
2 De ero vaart Brev, innskrivet i vaare Hjarto, kjennt og leset av alle Menneskjor,
3 medan det er kunnigt, at de ero Kristi Brev, tilkomet ved vaar Medhjelp, innskrivet, ikkje med Blek, men med den livande Guds Ande, ikkje paa Steintavlor, men i Hjartans Kjøttavlor.
4 Men slik Tillit hava me til Gud ved Kristus,
5 ikkje at me av oss sjølve ero duglege til aa tenkja ut nokot likasom av oss sjølve, men vaar Dug er av Gud,
6 som og gjorde oss duglege til Tenarar i den nye Pakti, ikkje fyre Bokstav, men fyre Ande; for Bokstaven slær i Hel; men Anden gjere livande.
7 Men dersom Daudens Tenesta, med Bokstavar innhoggi i Stein vart til Herlegdom, so at Israels Born ikkje kunde stira paa Mose Andlit fyre den Herlegdomens Skuld paa Andlitet hans, den som daa kvarv burt,
8 kor langt helder skulde daa ikkje Andens Tenesta verta i Herlegdom?
9 For dersom Fordømings Tenesta var Herlegdom, kor myket meir rik paa Herlegdom maa ikkje Rettferds Tenesta vera?
10 For og det, som er herlegt, er i dette Stykkje ikkje herlegt fyre den ovrike Herlegdoms Skuld.