Side:Nye testamente (1889).djvu/374

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


16 og koma ifraa Makedonia til dykker atter, og faa Fylgje ifraa dykker til Judæa.
17 Foor eg daa kannhenda med Lauslynde, daa eg fyreſette meg dette, elder er det etter Kjøtet eg fyreſet meg det, ſom eg fyreſet meg, ſo at det hjaa meg ſkulde vera: Ja, Ja, og: Nei, Nei?
18 Men ſo viſt ſom Gud er trufaſt, var vaart Ord hjaa dykker ikkje Ja og Nei.
19 For Guds Son Jeſus Kriſtus, ſom er forkynnt hjaa dykker ved oſs, ved meg og Silvanus og Timoteus, han heve ikkje vortet Ja og Nei, men Ja heve det vortet i honom.
20 For ſo mange ſom Guds Lovnader ero, ero dei i honom Ja, og i honom Amen — Gud til Æra ved oſs.
21 Men den, ſom held oſs faſte ſaman med dykker i Kriſtus og ſalvade oſs, er Gud,
22 han, ſom innsſglade oſs og gav oſs Anden til Pant i vaare Hjarto.
23 Men eg kallar Gud til Vitne yver mi Saal, at det var til aa ſpara dykker, at eg enno ikkje kom til Korint,
24 ikkje at me ero Herrar yver Trui dykkar, men me ero medverkande til dykkar Gleda; for i Trui ſtanda de.

2dre Kapitlet.

 Men eg heve fyreſett meg dette med meg ſjølv, at eg ikkje atter vilde koma til dykker med Sorg.
2 For um eg veld dykker Sorg, kven er det, ſom gleder meg, utan den, ſom eg heve valdet Sorg?
3 For eg ſkreiv dette til dykker fyre det, at eg ikkje, naar eg kjem, ſkulde faa Sorg av deim, ſom eg ſkulde hava Gleda av, daa eg ſtolar paa dykkr alle, at mi Gleda er Gleda fyre dykker alle.
4 For i myki Hjartans Trengſla og Tyngſla heve eg ſkrivet dykker til under mange Taaror, ikkje fyre det, at de ſkulo faa Sorg, men at de ſkulo kjenna den Kjærleiken, ſom eg ſerlege heve til dykker.
5 Men um nokon heve valdet Sorg, daa er det ikkje meg, han heve valdet Sorg, men til Deils — at eg ikkje ſkal vera for hard — dykker alle.
6 Nog fyre honom er denne Refſingi av dei fleſte,
7 ſo at de helder ſkulo tilgiva og trøyſta honom, ſo at han ikkje ſkal ganga under i endaa tyngre Sorg.
8 Difyre tel eg fyre dykker, at de maa lata Kjærleike raada imot honom.
9 For difyre var det og eg ſkreiv, at eg vilde vita, um de heldt Prøva, um de ero lydige i alt.