Side:Nye testamente (1889).djvu/373

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Apostelen Pauli andre Brev til Korintiarne.
1ste Kapitlet.

 

P

aulus, Jesu Kristi Apostel ved Guds Vilje, og Broderen Timoteus, til Guds Kyrkjelyd, som er i Korint, med alle dei heilage, som ero i heile Akaia.

2 Naade vere med dykker og Fred ifraa Gud vaar Fader og Herren Jesus Kristus.
3 Lovad vere Gud og var Herre Jesu Kristi Fader, Misskunns Fader og Gud fyre all Trøyst,
4 han, som trøystar oss i all vaar Trengsla, so at me kunna trøysta deim, som ero i allskyns Trengsla, med den Trøyst, som me sjølve verta trøystade med av Gud.
5 For likasom Kristi Lidingar ero riklege fyre oss, soleides er og naar Trøyst rikleg ved Kristus.
6 Men anten me lida Trengsla, so er det til dykkar Trøyst og Frelsa, som er verksam i Tolmøde under dei same Lidingar, som me og lida, elder me verta trøystade, so er det til dykkar Trøyst og Frelsa.
7 Og vaax Von um dykker er fast, daa me vita, at likasom de ero samhavande i Lidingarne, ero de det og i Trøysti.
8 For ikkje vilja me, Brøder, at de skulo vera uvitande um den Trengsla vaar, som kom yver oss i Asia, at me vart overslege hardt nedtyngde, meir enn me kunde bera, so at me enndaa misstvilade um Livet,
9 ja, sjølve hadde me i oss vortet visse paa, at me maatte døy, so at me ikkje skulde stola paa oss sjølve, men paa Gud, som vekkjer upp dei daude,
10 han, som friade og friar oss ifraa slik ein Daude, han, som me vona ogso vil fria oss enno,
11 med di at de og koma oss til Hjelp med Bøni, so at det ifraa mange Menneskjor fyre oss man koma rikleg Takk fyre den Naade, som er gjeven oss.
12 For vaar Ros er dette, den Vitnesburden i vaart Samvit um, at i Guds Einfeldskap og Reinleike, ikkje i kjøtleg Visdom, men i Guds Naade, hava me faret fram i Verdi, men ferlege hjaa dykker.
13 For me skriva ikkje annat til dykker, enn det, som de anten lesa elder ogso skyna; men eg vonar, at de og skulo skyna det til Enden,
14 likasom de og stykkevis hava skynat oss, at me ero dykkar Ros, likasom de og ero vaar, paa den Herre Jesu Dag.
15 Og i denne Tillit vilde eg koma til dykker fyrst, so at de paa nytt maatte faa ein Naade, og fara igjenom hjaa dykker og til Makedonia,