Side:Nye testamente (1889).djvu/24

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


og ikkje til Offer, so hadde de ikkje fordømt dei Saklause.
8 For Menneskjefonen er Herre yver Kviledagen med."
9 Og daa han gjekk der ifraa, kom han i Stemnestova deira,
10 Og sjaa, der var ei Menneskja, som hadde ei visnad Hand. Og dei spurde honom: „Er det rett aa lækja paa Kviledagen?" — so at dei kunde faa klaga paa honom.
11 Men han sagde til deim: „Kvat for ei Menneskja er det vel imillom dytter, som heve ein Saud, og, naar han fell ned i ei Grøft paa ein Kviledag, daa ikkje tek og dreg honom upp?
12 Kor myket meir er daa ikkje ei Menneskja enn ein Saud? So det er daa rett aa gjere godt paa Kviledagen." —
13 Daa segjer han til den Menneskja: „Rett Handi ut!" Og han rette henne ut; og ho vart frisk som den andre.
14 Men Farisæarne gjekk ut og heldt Samraad imot honom, korleides dei kunde faa gjort av med honom.
15 Men daa Jesus visste det. drog han seg undan der ifraa. Og myket Folk fylgde honom, og han lækte deim alle,
16 Og han baud deim, at dei ikkje skulde gjere honom kjend,
17 so at det skulde verta uppfyllt det, som er sagt ved Profeten Esaias, som segjer:
18 „Sjaa min Tenar, som eg heve utvalt, den elskade, som mi Saal heve Hugnad i: Eg vil senda min Ande yver honom, og han skal segja Rett fyre Heidningom.
19 Han skal ikkje trætta og ikkje ropa, og Ingen skal høyra hans Røyst paa Gatom,
20 han skal ikkje brjota det brostne Røyrstraa og ikkje sløkkja den rjukande Væsen, til dess han fær ført Retten fram til Siger.
21 Og paa hans Namn skulo Heidningarne setja si Von."
22 Daa førde dei til honom ein forgjord Mann, som var blind og maallaus ; og han lækte honom, so at den Blinde og Maallause baade talade og saag.
23 Og alt Folket undrade seg og sagde: „Skulde ikkje denne vera den Davids Son?"
24 Men daa Farisæarne høyrde det, sagde dei: „Han driv ikkje vonde Andar ut, utan ved Be’elsebul, Hovdingen fyre dei vonde Andar."
25 Men daa Jesus visste deira Tankar, sagde han til deim : „Kvart Rike, som vert usamt med seg sjølv, vert lagt i Øyde; og kvar By elder kvart Hus, som vert usamt med seg sjølv, kann ikkje standa.
26 Og dersom Satan driv ut Satan, daa er han usamd med seg sjølv, korleides kann daa hans Rike standa?
27 Og dersom eg driv vonde Andar ut ved Be’elfebul, kven er