eg deg: Daa du var yngre, batt du upp um deg sjølv og gjekk dit, som du vilde; men naar du vert gamal, skal du retta ut dine Hender, og ein annan skal binda upp um deg og føra deg dit, som du ikkje vil“.
19. Men dette sagde han til aa kunngjera, med kvat Daude han skulde æra Gud. Og daa han hadde sagt dette, sagde han til honom: „Fylg meg!“
20. Men Petrus vende seg og saag, at den Læresvein, som Jesus elskade, fylgde etter, han som ved Kveldverden hadde leget upp til hans Brjost og sagt: „Herre, kven er det, som forraader deg?“
21. Daa Petrus saag denne, sagde han til Jesus: „Herre, kvat skal daa denne?“
22. Jesus sagde til honom: „Um eg vil, at han skal vera, til dess eg kjem, kvat heve du med det? Fylg du meg!“
23. Difsyre kom den Segni ut imillom Brødrom: „Denne Læresvein døyr ikkje“, endaa Jesus ikkje hadde sagt til honom: „Han døyr ikkje“, men: „Um eg vil, at han skal vera, til dess eg kjem, kvat heve du med det?“
24. Dette er den Læresveinen, som vitnar um desse Ting og heve skrivet dette; og me vita, at hans Vitnemaal er sant.
25. Men der er og mange andre Ting, som Jesus gjorde, so um dei skulde verta skrivne kvart fyre seg, trur eg, at jamvel ikkje Verdi vilde røma dei Bøker, som maatte verta skrivne.
Amen.