Side:Nye testamente (1889).djvu/17

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


vaar Vanhelst og har vaare Sjukdomar.“
18 Men daa Jesus saag myket Folk ikringum seg, baud han deim fara yver paa andre Sida.
19 Og der kom fram ein Skriftlærd og sagde til honom: „Meister! eg vil fylgja deg, kvar du so gjeng.“
20 Og Jesus segjer til honom : „Revarne hava Hide, og Fuglarne under Himmelen Reid; men Mennektjesonen heve inkje, som han kann halla Hovudet sitt paa.“ —
21 Men ein annan av Læresveinom hans sagde til honom; „Herre! Lat meg fyrst faa ganga og jorda Fader min!“
22 Men Jesus sagde til honom: „Fylg meg, og lat dei Daude jorda sine Daude!“
23 Og daa han steig i Baaten, fylgde hans Læresveinar med honom.
24 Og sjaa, det vart ein sterk Storm paa Sjoen, so at Baarorna slog yver Baaten; men han sov.
25 Og hans Læresveinar kom og vakte honom og sagde: „Herre frels ofs! me fetja til!“
26 Og han fegjer til deim: „Kvi ero de so ræddhugade, de Faatrullnde!“ Og han reiste seg og agade Vinden og Sjoen, og det vart Stavstilla.
27 Men Folket undrade seg paa dette og sagde: „Kvat er denne for ein, at baade Vindarne og Sjoen lyda honom?“
28 Og daa han kom yver til Gergefener-Landet, kom det imot honom tvo, som var forgjorde av vonde Andar, og dei kom ut or Gravom og var reint rasande, so at Ingen kunde koma fram paa den Vegen.
29 Og sjaa, dei skreik og sagde: „Kvat hava me med deg. Jesus, Guds Son? Er du komen hit til aa pina oss, fyrr Tidi kjem?“
30 Men langt der ifraa gjekk ein stor Svine-Flokk paa Beite.
31 Men dei vonde Andarne bad honom og sagde: „Dersom du driv oss ut, so giv oss Lov til aa fara inn i Svine-Flokken!“
32 Og han sagde til deim: „Fare daa!“ Men daa dei var farne ut, foor dei inn i Svine-Flokken. Og sjaa, heile Svine-Flokken støypte seg utyver Bakken ned i Sjøen og døydde i Vatnet.
33 Og Hyrdingarne flydde og kom inn i Byen og fortalde alt ihop, ogso det um dei Forgjorde.
34 Og sjaa: heile Byen gjekk ut til Møtes med Jesus, og daa dei saag honom, bad dei, at han vilde ganga burt or Bygdom deira. —

9de Kapitlet.


1 Og han steig inn i Baaten og foor yver og kom til sin eigen By.
2 Og sjaa: dei førde til honom ein verkbroten Mann, som laag paa ei Seng. Og daa Jesus