Side:Nye testamente (1889).djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

giva gode Gaavor til deim, som beda honom?
12 Difyre, alt det, som de vilja, at Menneskjorna skulo gjera imot dykker, soleides maa de og gjera imot deim; for slik er Logi og Profetarne.
13 Gange inn igjenom den tronge Porten; for vid er den Porten, og breid er den Vegen, som gjeng til Fortaping, og mange ero dei, som ganga der igjenom.
14 For trong er den Porten, og smal er den Vegen, som gjeng til Livet, og faae ero dei, som honom sinna.
15 Men vare dykker fyre dei falske Profetom, som koma til dykker i Saudeklædnad, men innantil ero dei graaduge Ulvar!
16 Paa Fruktom deira skulo de kjenna deim. Kann dei sanka Druvor av Klunger elder Fiken av Tistlar?
17 Soleides ber kvart godt Tre gode Frukter; men eit rotet Tre ber vonde Frukter.
18 Ikkje kann eit godt Tre bera vonde Frukter, og ikkje kann eit rotet Tre bera gode Frukter.
19 Kvart Tre, som ikkje ber gode Frukter, skal verta avhogget og kastat paa Elden.
20 So skulo de kjenna deim paa deira Frukter.
21 Ikkje svar den, som segjer til meg: Herre, Herre, skal koma inn i Himmelriket, men den, som gjerer Viljen til min Fader i Himlom.
22 Mange skulo segja til meg paa den Dagen: Herre, Herre! have me ikkje i dit Namn talat som Profetar? og hava me ikkje i dit Namn drivet ut vonde Andar? og hava me ikkje i dit Namn gjort mange kraftige Verk?
23 Og eg skal daa fegja reint ut til deim: Eg heve aldri kjent dytter. Gange burt ifraa meg de, som driva paa med Urett!
24 Kvar den daa, som høyrer desse Ordi mine og gjerer etter deim, honom vil eg likna med ein klok Mann, som bygde Huset sitt paa Berg.
25 Og det fall Støytregn, og Elvarne kom, og Vindarne bles, og dei slog inn paa det Hufet; men det fall ikkje, avdi det var grunnfest paa Berg.
26 Og kvar den, som høyrer desse Ordi mine og ikkje gjerer etter deim, han skal verta liknad med ein faavitug Mann som bygde Huset sitt paa Sand.
27 Og det fall Støytregn, og Elvarne kom, og Vindarne bles, og dei støytte imot det Huset, og det fall, og det Fallet var stort."
28 Og det hende seg, daa Jesus hadde fullendat desse Ordi, daa undrade Folket seg yver hans Læra;
29 for han lærde deim so som den, som heve Magt, og ikkje som dei Skriftlærde.