Side:Martyra.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

av seg paa have, lodsen som set live til for aa berge den drivande skuta, gruvekaren som vert kjøvd i gruva, vegslusken som vert sundskoten av dynamit, dukkerten som sprengjer bryste sit paa sjøbotnen, fabrikfolke som tæres burt for aa skaffe billeg vare — aa til landgranskaren som omkjems i ville egner, kjemikaren som set live til for aa finne ei ny lækjeraad, doktaren som set seg ut for faarleg smitte, — alle er dei martyra paa ein maate. Aa ikkje berre den som læt live. Men kvar den som ofra noko eller alt av det som andre set høgt — midel, magt, rygte, venskap — for aa fremje ein tanke, for aa naa eit got fyremaal, — dei er og martyra, meir eller mindre.

Men kven hev bok over alle desse? Dei gjeng i grava med sin daad aa vert gløymde som du gløymer blomen fraa ifjor.

Men nokre er der daa som hev set merke etter seg so djupe, at namne deira vil lyse som stjerner.

Eit arbei kverv aldri burt, seier fysikaren. Det dreg alti fylgjer etter seg.

Fyregangsmennene syner og det. Om arbeie deira liksom kjem burt med det same, so dei sjøle ofte maa tumle i tvil aa vonløyse, so tek det seg op att seinare.

Desse vegbrytarane gjer dubbelt arbei. Ikkje berre det at dei høgg glyfs i skogen, so ljosstraala kan smyge in. Men med si tru, sit liv, si ofring mana dei andre til aa gaa i fotefare sit. Det smitta. Den eine vegbrytaren dreg den andre etter seg.