Side:Martyra.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

merke i tre; naar me bruka varmen til aa dra os over hav aa land, istaenfor aa ræddas han som ei ustyrleg naturmagt; naar me hev spinnemaskin istaenfor handtein, kjerre istaenfor dragslee, truskemaskin istaenfor tuster; — naar me kan seie: »burt med kongen« uta aa bli hengde, »jora er rund«  uta aa bli brende o.s.v., — det er altsaman frugter av sjølbydd tenest.

Kvar ombot, kvart framstig, kvart ljosglimt, kvar tume av fridom, — det hev lote slite seg fram jenom seig stri mot det gamle tilvande. Men denne strien kunne kje kome op, aa kunne kje verte førd tilendes, medmindre der va folk, som bau seg, ofra seg.

Ikkje pligt, ikkje penge, ikkje magtsyke, ikkje eingong æresyke er drivfjedra til dei handlinga som lyfter ætta. Pligten byd aa gjere det gokjende, det avlegse. Pengehugen driv folk til det lønsame. Den magtsjuke ser i kvar sak einast eit magtmidel; han maa halde seg til det som er paa veg til aa bli gokjent. Aa den æresjuke søkjer dagens publikum; for gjore han ikkje det, kunne andre kassere in den æra han traadde etter. — Men det komande maa vende seg til ideens folk, til desse med dei djupe samfundsdrifter, desse med eldhug so sterk, at ideen vert alt — mannen inkje; desse med tru som tvil aa motgang ikkje kan kvæle.

Kulturen hev kje vandra paa roser. Ille hev dei havt det desse vælgjerdsfolk som hev ført kulturstrien. Spott aa anno hev vore løna. Det er