Side:Martyra.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Det va i politikens heite aar, i seks aa fjærs. Alexander Kielland va dryfta paa tinge aa funnen for lett.

Eg let min heite harm gaa utover ein sjølklok bonde som ga av sin almueven-visdom so got som han fek. Men eit or kom han med som han ikkje hadde fraa »Almuevennen« — dertil va det for bondeklokt, — eit or som haka seg fast i meg aa gjore meg maallaus:

»Staten hev kje leigt han; staten er han ingen ting skuldig. Sjølbydd tenest hev staten ikkje bruk for«.

Hev han ret? tenkte eg. Va det det kalde bondevit som her sa eit visdomsor? Hev staten (her: samfunde) nok med sine lønte pligtfolk som gjer kva dei skal men aldri kva dei kan?

Eg skodde attende over manneætta sin utviklingsgang. Eg fann at den kaldkloke hadde uret. Eg vilde skaffe prov paa det. Aa so sanka eg denne vesle bundelen fraa heimsens klungresti for aa ha noko aa møte det stutte bondevit med næste gong me raakas.

Fransmannen Tissandier er mi vigtugaste kilde. Elles hev eg teke emna kvar eg hev kunna.

————————