Side:Martyra.djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
Etienne Dolet.

Ogso Etienne Dolet hev iaar [1889] faat si minnestytte.

Han levde i same aarhundrae som Bruno. Han er fød i Orleans 1509, studera i Paris, vart sekretær i Venedig aa slo seg paa diktekunsten. I Venedig vart han kjend med ei ung jente som han kom slik til aa halde av, at han gjek mest fraa vite. Pennen hans vart som lødd med elektrisitet i den tia, aa sjøl levde han som i ein rus. Men so døe jenta, aa daa vart det for han som naar ljose slokna i myrke stova. Verda miste sin glans aa live vart verdlaust. Han helt det kje ut i Venedig der kvar gate aa kvart menneskje vekte minne om ho som aldri meir kom att. — Han reiste attende til Paris aa slo seg paa vitenskapen med al si kraft for aa drukne si sorg i gamle skrifter.

Men helder ikkje det ga lise. Om ei ti reiste han til Toulouse for aa studere lovkunne.

Her fek han snart dei unge studentane paa si sie. Han hadde ei skarp tunge aa tok paa styringa der, som forbau studentane aa skipe lag. Han vart