Side:Martyra.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Giordano Bruno

er fød i Italia.

15 aar gamal gjek han i kloster aa grov seg alt djupare aa djupare ne i bøker aa lærdom. 27 aar gamal laut han ta flugta, daa dei mistenkte han for kjettarskap. Sia for han omkring i Frankrike, England, Sweits aa Tyskland, aa preika alsta om det han ha lese aa tenkt seg til.

Men i 1598 kom han i hendene paa inkvisisjonen. Bunden vart han førd til Rom aa kasta i fengsel. I tvo lange aar sat han der, men nekta framleies aa ta i seg lærdomane sine. Dei førde han for inkvisisjonen att, aa paa sine kne maatte han der høyre domen over seg verte lesen op. Han vart dømd til aa brennas levande. Men sjøl tok han domen med ro. — »De som les domen, skjelv meir enn eg som høyrer paa«, sa han til domarane.

8 dage etter, den 17. februar 1600, vart han lagd paa baale aa brend levande. Før han døe ropte han til ein go ven, Greve di Ventimiglia, som sto tet ved baale, at han maatte fylje i fotefare aa strie mannelegt mot fordom aa rangsyn. Retsfolke