Side:Martyra.djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

skuleguta reiv involane hans ut aa drog like kring gatene, trakka paa det aa spende det aa skamflengde det paa dei verste maata.

Slik ende fek denne store forvaaga tenkjaren; ein av dei beste i arbeie for aandsfridom.

Det som Ramus gjore i vitenskapen kan liknas med det som Lutter aa Calvin gjore i religionen. Han vaaga seg til aa kaste den gamle tankegrinda som skolastiken ha sett op. Han vaaga aa lære, at vite aa fornufta va den einaste fullgyllige rettesnor for ret aa sanning. Fraa moldtræls vilkaar aa moldtræls tanka arbeidde han seg fram til nye usedde synsvidder paa aandens høgder. Han hadde mot til aa legge desse synsvidder aapne for kvarmans syn. Aa han va aalvorsam nok til aa setje sanninga høgre enn seg sjøl. — Inkje under at løna

vart som ho vart.

————————