Side:Martyra.djvu/108

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Chicago-anarkistane

Utvikling!

Ein ny talemaate? Ein ny paradoks som trusterke folk hev funne paa? Er det sansedaaring? Synes me berrre at det gjeng fram? — Omskifting ja. Men framgang? aa framgang til noko betre? Aking mot eit maal, — det fullkomne?

Me ser paa bakstræve aa vert tykkjelause; alti hev det overtake. Det taper nok, — om hundra aar. Men er det kje tap i formaliteten aa vinning i realiteten? Alti hev bakstræve magta idag. Kva hjelper det daa at det om hundra aar stend eit skrev lenger frame?

Naar me tek menneskja, den einskilde sovælsom heile ætta, i alle sine skiftande kaar, — er kje forholde millom ret aa uret, glee aa smerte, alti eins? Aa hev kje det nye som vil bøte paa uretten alti den same stri, den same tunge blodige martyrgang aa gaa?

Kor blir det so av utviklinga?

1900 aar, fylte med martyrbaal tortur aa for fyljing, er der millom korsfestinga paa Golgata aa