Side:Martyra.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Kven faar kje tolmo ved aa lese om ein Bernard Pallissy? Kven faar kje arbeishug ved aa lese om ein Pascal eller Josva Heilmann? Kven vil kje faa lyst til aa lie aa strie for ei go sak ved aa lese om Ramus eller Roger Bacon? Kven fylles ikkje med den mest brennande eldhug for ret aa folkereisning ved aa lese om den irske nasjonalhelten Robert Emmet? Kven faar kje vyrdna for mannetanken ved aa studera Newton? Kven styrkjes ikkje i viljen ved aa lese om ein Fulton eller Guttenberg? Kven ynskjer ikkje aa kunne gløyme seg sjøl for aa gjere væl, naar ein les reiseskildringane hans René Bellot? — Han reiv seg laus fraa alle band aa drog til polar-isen for aa berge Jon Franklin aa fyljet hans, som omkom der paa ei vitenskapsreis. — Sjuk aa stiv av frost med isfjell ikring seg paa alle leier skriv Bellot millom anna i dagboka si:

»Eg gløymer altfor ofte kva eg hev vore. Eg hugsa kje, at far min er ein fatig arbeismann med ein stor baaneflok, som skal forsyrjas, so han saart kunne turve att dei penge han hev øydt paa meg. — Aa mi stakkars goe mor, kor mykje sut hev du kje havt for mi skuld! Aa, om eg eingong kunne faa gjere deg got istaen, faa gjere det lett aa hyggelegt aat deg siste dagane av dit liv, som du til denne ti hev livt i taarer aa hjarteverk for mi skuld!« — Det siste han sa før han døe va: »Me kan vere

glae me, for at me faar lie for aa ha gjort vaar pligt«.

————————