Denne siden er ikke korrekturlest
-24-
men dei Ordi, som der standa: Gjeven fyre dykker, og uthellt til Forlatning fyre Synderna. For desse Ordi ero med den likamlege Eting og Drikking som Hovudstykket i Sakramentet, og kvar den, som trur desse Ordi, han eig ogso det, som dei segja og lova, som er Forlatning fyre Synderna.
Kven nøyter Nattverdar Sakramentet verdug?
At fasta og bua seg likamlega til det er visstnog ein fager Sed; men rett verdug og vel tilbuen er berre den, som hever Trui paa desse Ordom: Gjeven fyre dykker, og uthellt til Forlatning fyre Synderna. Men den, som inkje trur desse Ordi elder tvilar, han er uverdug og uskikkad; for dette Ordet: Fyre dykker krev framfyre allting eit truande Hjarta.