Side:Markusevangeliet (1870).djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

tok til at kunngjera mangt um detta og bar det ut, so at Jesus kunde ikkje meir ganga openberlege inn i Byen, men var utanfyre paa einslege Stader; og dei komo til honom fraa alla Sidor.

2. Kapitel.

Jesus lækjer ein verkbroten i Kapernaum. Dei skriftlærde laata illa, 1—12. Jesus lærer paa Strandi ved Kapernaum; kallar Matteus; eter med Tollarar og Syndarar, 13—17; segjer kvi hans Læresveinar ikkje fasta, 18—22; segjer kvi hans Læresveinar kunna plukka Aks paa Kviledagen, 23—28.

1 Og daa han gjekk inn atter i Kapernaum etter nokre Dagar, spurdest det at han var heima. 2 Og det samnadest braadt so mange at det var ikkje Rom fyre deim, jamvel ikkje i Utdyri; og han talade Ordet til deim. 3 Og dei komo og førde til honom ein verkbroten som vardt boren av fjore Menner. 4 Og daa dei ikkje kunde koma fram til honom fyre Manntrongen, opnade dei Taket der han var, og daa dei hadde rivet det upp, leto dei ned Baara om den verkbrotne laag paa. 5 Men daa Jesus saag deira Tru, sagde han til den verkbrotne: „Son min, dina Synder ero forlatne.“ 6 Men der vaaro nokre av dei skriftlærde som saato og tenkte i sine Hjarto: 7 „Kvi talar denne Mannen slikt? Han hæder (Gud). Kven kann forlata Synder utan Gud aaleine?“ 8 Og med det same kjende Jesus i sin Ande at dei tenkte so med seg, og han sagde til deim: „Kvi tenkja de slikt i dykkar Hjarto? 9 Kvat