Side:Markusevangeliet (1870).djvu/61

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

„Heil, du Jødakonung!“ 19 Og dei slogo honom paa Hovudet med ei Røyr og sputtade paa honom og follo paa Kne og tilbaado honom. 20 Men daa dei hadde spottat honom, toko dei Purprkaapa av honom og klædde honom i hans eigne Klæde og førde honom ut til at krossfesta honom.

21 Og der var ein Mann som heitte Simon fraa Kyrene som gjekk framum og kom or Marki, Fader til Alexander og Rufus, honom nøydde dei til at bera hans Kross. 22 Og dei førde honom til Golgata-Plassen, det er utlagt Hovudskalle-Plassen. 23 Og dei gaavo honom myrrhablandat Vin, men han tok det ikkje. 24 Og dei krossfeste honom og skifte Klædi hans og kastade Lut um kvat kvar skulde faa. 25 Og det var ved den tridje Timen at dei krossfeste honom. 26 Og uppe yver honom var skrivet hans Daudasak soleides: Jødakonungen. 27 Og dei krossfeste med honom tvo Røvarar, den eine paa høgre Sida aat honom, og hin paa vinstre. [28 ] 29 Og dei, som gingo frammed, hædde honom, skoko Hovudet og sagde: „Æ! Du som bryter ned Templet og byggjer det upp atter paa tri Dagar, 30 frels deg sjølv og stid ned av Krossen.“ 31 Likaeins spottade ogso Øvsteprestarne seg imillom i Lag med dei skriftlærde og sagde: „Han hever frelst andre; seg sjølv kann han inkje frelsa. 32 Kristus, Konung av Israel, han stige no ned av Krossen, so me kunna sjaa og tru.“ Ogso dei, som vaaro krossfeste med honom, speade honom. 33 Og daa den sette Timen var