Side:Markusevangeliet (1870).djvu/59

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

„Spaa!“ Og Tenararne slogo honom i Andlitet.

66 Og daa Petrus var nede i Borggarden, kom ei av Tenestegjentorna til Øvstepresten, 67 og daa ho saag Petrus verma seg, saag ho paa honom og sagde: „Du var og med Jesus fraa Nazaret.“ 68 Men han neittade og sagde: „Eg veit ikkje og skynar ikkje kvat du segjer.“ Og han gjekk ut i Forgarden, og Hanen gol. 69 Og Gjenta saag honom atter og sagde til deim som stodo attved: „Denne er ein av deim.“ 70 Men han neittade atter. Og nokot litet deretter sagde dei, som stodo attved, atter til Petrus: „Visst er du ein av deim, for du er ogso ein Galilear.“ 71 Men han tok til at forbanna seg og sverja: „Eg kjenner ikkje denne Mannen som de tala um.“ 72 Og Hanen gol andre Gongen. Og Petrus mintest det Ord som Jesus sagde til honom: „Fyrr en Hanen gjeler tvo Gonger skal du forneitta meg tri Gonger“; og han tenkte paa det og gret.

15. Kapitel.

Jesus verder førd bunden til Pilatus og klagad. Pilatus giver Barabbas laus og yvergiver Jesus til at verda krossfest. Stridsmennerne spotta honom og slaa honom og føra honom ut, 1—20. Jesus verder krossfest. Folket spottar honom. Han andast, 21—42. Jesus verder gravsett av Josef fraa Arimatea, 42—47.

1 Og tidlege um Morgonen hadde Øvsteprestarne Raadgjerd med dei eldste og skriftlærde og heile Raadet, og dei bundo Jesus og førde honom burt og yvergaavo honom til Pilatus. 2 Og Pilatus spurde honom: „Er du Jødakonungen?“ Og han