Side:Markusevangeliet (1870).djvu/58

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


53 Og dei førde Jesus burt til Øvstepresten, og hjaa honom samnadest alle Øvsteprestarne og dei eldste og dei skriftlærde. 54 Og Petrus fylgde honom langt undan alt inn i Borggarden til Øvstepresten; og han sat med Tenararne og vermde seg ved Elden. 55 Og Øvsteprestarne og heile Raadet leitade etter Vitnesburd mot Jesus til at døyda honom og funno inkje; 56 for mange baaro falsk Vitnesburd mot honom, men deira Vitnesburdar vaaro ikkje samstavande. 57 Og nokre stodo upp og baaro falsk Vitnesbud mot honom og sagde: 58 „Me hava høyrt honom segja: Eg skal brjota ned dette Templet som er gjort med Hender, og paa tri Dagar byggja upp eit annat som inkje er gjort med Hender.“ 59 men helder ikkje soleides var deira Vitnesburd samstavande. 60 Og Øvstepresten stod upp midt imillom deim og spurde Jesus og sagde: „Svarar du slett inkje paa det som desse vitna mot deg?“ 61 Men han tagde og svarade inkje. Atter spurde Øvstepresten honom og sagde til honom: „Er du Kristus, Son til den velsignade?“ 62 Og Jesus sagde: „Eg er det; og de skulo sjaa Menneskje-Sonen sitja paa høgre Sida aat Krafti og koma med Himmelskyom.“ 63 Daa reiv Øvstepresten i sunder Klædi sine og sagde: „Kvat turva me lenger Vitne? 64 De høyrde Hædingsordi. Kvat synast de?“ Og dei dømde honom alle vera skyldig til Dauden. 65 Og sume toko til at sputta paa honom og breida yver hans Andlit og slaa honom med Nevarne og segja til honom: