Side:Markusevangeliet (1870).djvu/57

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

same Ordi. 40 Og atter kom han og fann deim sovande, for deira Augo vaaro tyngde, og dei visste ikkje kvat dei svarade honom. 41 Og han kom tridje Gongen og sagde til deim: „Sove no og kvile dykker! Det er nog. Timen er komen; sjaa Menneskje-Sonen verder yvergjeven i Henderna paa Syndarar. 42 Stande upp, lat oss ganga; sjaa, den, som forraader meg, er nær.“ 43 Og med det same han endaa talade, kom Judas, ein av dei tolv, og ein Flok med honom med Sverd og Stavar fraa Øvsteprestarne og dei skriftlærde og eldste. 44 Men den, som forraadde honom, hadde gjevet deim eit Teikn og sagt: „Den som eg kysser, han er det; gripe honom og føre honom trygt burt.“ 45 Og daa han kom, gjekk han med det same til honom og sagde: „Rabbi, Rabbi!“ og kysste honom. 46 Og dei lagde Henderna paa honom og gripo honom. 47 Og ein av deim, som stodo attved, drog Sverdet og slo til Tenaren til Øvstepresten og hogg av honom Øyrat. 48 Og Jesus svarade og sagde til deim: „De ero utgjengne rett som mot ein Røvar med Sverd og Stavar til at taka meg! 49 Daglege var eg hjaa dykker i Templet og lærde, og de gripo meg ikkje; men detta hender med di at Skrifterna skulo uppfyllast.“ 50 Og Læresveinarne forleto honom all og flydde. 51 Og der var eit Ungmenne som fylgde honom og hadde eit Linklæde kastat paa berre Kroppen, og dei gripo honom. 52 Men han sleppte Linklædet og flydde naken fraa deim.