Side:Markusevangeliet (1870).djvu/56

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


26 Og daa dei hadde sunget Lovsongen, gingo dei ut til Oljeberget. 27 Og Jesus sagde til deim: „De skulo alle argast yver meg; for det er skrivet: Eg skal slaa Hyrdingen, og Sauderne skulo spreidast. 28 Men etter at eg er uppstaden, skal eg ganga fyre dykker til Galilea.“ 29 Men Petrus sagde til honom: „Um dei so alle argast, skal daa ikkje eg.“ 30 Og Jesus sagde til honom: „Sannlege segjer eg deg at i Dag, i denne Naatti, fyrr en Hanen gjeler tvo Gonger, skal du forneitta meg tri Gonger.“ 31 Men han sagde endaa ein Gong til: „Um eg so skulde lata Livet med deg, vil eg daa inkje forneitta deg.“ Likaso sagde dei ogso alle.

32 Og dei komo aat ein Hage, som heitte Getsemane. Og han sagde til sine Læresveinar: „Setje dykker her, medan eg beder.“ 33 Og han tok Petrus og Jakob og Johannes med seg og tok til at ræddast og verda modfallen 34 og sagde til deim: „Mi Saal er reint sorgfull alt til Dauden; bide her og vake.“ 35 Og han gjekk nokot litet lenger fram og fall til Jordi og bad at denne Stundi maatte ganga fraa honom, um det var moglegt. 36 Og han sagde: „Abba (Fader), alt er deg moglegt; tak denne Skaali fraa meg; daa inkje som eg vil, men som du vil.“ 37 Og han kom og fann deim sovande og sagde til Petrus: „Simon, søver du? Kunde du ikkje vaka ein Time? 38 Vake og bidje, so de ikkje koma i Freisting. Anden er viljug, men Kjøtet er veikt.“ 39 Og han gjekk burt atter og bad og talade dei