Side:Markusevangeliet (1870).djvu/55

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

„Gange inn i Byen, og der skal det møte dykker ein Mann som ber ei Vatskrukka; fylgje honom, 14 og der han gjenger inn, segje til Husbonden: Meisteren segjer: Kvar er mitt Herbyrge som eg kann eta Paaskalambet i med mine Læresveinar? 15 Og han skal visa dykker ein stor Loftsal, innreidd og tilbudd, og der skulo de laga til aat oss.“ 16 Og Læresveinarne gingo ut og komo inn i Byen og funno det so som han hadde sagt deim, og reidde Paaskalambet til. 17 Og um Kvelden kom han med dei tolv. 18 Og daa dei saato til Bords og aato, sagde Jesus: „Sannlege segjer eg dykker, ein av dykker, som eter med meg, skal forraada meg.“ 19 men dei vordo sorgfulle og sagde til honom ein etter annan: „Er det eg?“ og ein annan: „Er det eg?“ 20 Og han sagde til deim: „Ein av dei tolv, den som duppar med meg i Fatet. 21 Menneskje-Sonen gjenger fulla burt, so som det er skrivet um honom, men ve den Mann som Menneskje-Sonen verder forraadd av! Det var betre fyre den Mannen at han aldri hadde voret fødd.“ 22 Og medan dei aato, tok han Braud, velsignade, braut det og gav deim og sagde: „Take, detta er min Likam.“ 23 Og han tok Kalken, takkade og gav deim, og dei drukko alle av honom. 23 Og han sagde til deim: „Detta er mitt Blod som til ei ny Pakt verder uthellt fyre mange 25 Sannlege segjer eg dykker, eg skal ikkje meir drikka av Frukti paa Vintreet inntil den Dag, daa eg drikker henne ny i Guds Rike.“