Side:Markusevangeliet (1870).djvu/54

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


3 Og daa han var i Betania i Huset til Simon den spitelske og sat til Bords, kom der ei Kvinna som hadde ei Albasterflaska med Salve av rein og kosteleg Nardusolje; og ho braut Flaska og helte det yver hans Hovud. 4 Men der var det nokre som vordo illnøgde fyre detta med seg sjølve og sagde: „Kvat skal denne Spilla av Salven til? 5 For denne Salven kunde ein hava selt fyre meir en try hundrad Peningar og gjevet dei fatige.“ Og dei leto illa mot henne. 6 Men Jesus sagde: „Late henne i Fred. Kvi gjera de henne Sorg? Ho hever gjort ei god Gjerning mot meg; 7 for de hava alltid dei fatige hjaa dykker, og naar de vilja, kunna de gjera deim godt; men meg hava de ikkje alltid. 8 Ho hever gjort kvat ho kunde; ho hever fyreaat salvat min Likam til Gravsetingi. 9 Sannlege segjer eg dykker, kvarhelst i all Heimen Evangelium verder forkynt, skal ogso det, som ho hever gjort, verda gjetet til Aamining av henne.“

10 Og Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til Øvsteprestarne og vilde forraada honom til deim. 11 Men daa dei høyrde detta, vordo dei glade og lovade at giva honom Peningar. Og han søkte kor han paa laglegaste Maaten kunde forraada honom.

13 Og paa fyrste Dag i Høgtigi med dei usyrde Braudom, daa dei slagtage Paaskalambet, sagde hans Læresveinar til honom: „Kvar vil du at me ganga og laga til, at du fær eta Paaskalambet?“ 13 Og han sende tvo av sine Læresveinar og sagde til deim: