Side:Markusevangeliet (1870).djvu/53

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

sjaa detta bera til, at han er nær fyre Dyri. 30  Sannlege segjer eg dykker, denne Ættliden skal ikkje forganga, fyrr en alt detta ber til. 31 Himmel og Jord skulo forganga, men mine Ord skulo inkje forganga. 32 Men um den Dagen elder den Stundi veit ingen, helder ingen Engel i Himmelen, helder ikkje Sonen, utan Faderen aaleine. 33 Vakte dykker, vake og bidje, for de vita ikkje, naar Tidi er. 34 Lika som ein Mann som foor or Landet og forleet sitt Hus og gave sine Tenarar Umbodet og kvar si Gjerning og baud Durvaktaren at vaka, 25 so vake no de, for de vita ikkje, naar Husbonden kjemer, anten um Kvelden, um Midnætte, um Hanegals Tid elder um Morgonen, 36 so at, naar han kjemer hastelege, han ikkje skal finna dykker sovande. 37 Men det som eg segjer dykker, det segjer eg alle: Vake!“

14. Kapitel.

Øvsteprestarne og dei skriftlærde leggja Raad mot Jesus 1—2. Jesus verder salvad i Betania, 3—9. Judas seler Jesus, 10—11. Jesus eter Paaskalambet og innseter Naattverden, 12—25; fyresegjer Petri Forneitting, 26—31; lider og beder i Getsemane; verder forraadd av Judas; verder gripen. Læresveinarne flya, 32—52. Jesus verder førd til Øvsterpresten og klagad; vitnar um seg at han er Kristus; verder domfeld og spottad og slege, 53—65. Petrus forneittar Jesus, 66-72.

1 Tvo Dagar etter var det Paaske og Høgtidi med dei usyrde Braudom, og Øvsteprestarne og dei skriftlærde søkte kor dei kunde gripa honom med List og døyda honom. 2 For dei sagde: „Ikkje paa Høgtidi, at det ikkje verder Uppstyr imillom Folket.“