Side:Markusevangeliet (1870).djvu/52

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

den, som er paa Taket, gange ikkje ned elder stige inn, til at taka nokot ut or sitt Hus; 16 og den, som er ute i marki, snue ikkje atter til at taka si Kappa. 17 Men ve dei fremmelege og Sogmødrom i dei Dagarne! 18 Men bidje at detta ikkje verder um Vetteren, 19 for i dei Dagarne skal det vera so stor Trengsla, som det ikkje hever voret fraa Upphavet av Skapningen, som Gud hever skapat, og til dessa, og ikkje helder skal verda. 20 Og um Herren ikkje hadde avkortat desse Dagarne, so vardt ingen Mann frelst; men fyre dei utvalde si Skuld, som han hever utvalt, hever han avkortat dei Dagarne. 21 Og um einkvar daa segjer til dykker: Sjaa, her er Kristus, elder: Sjaa, der, so true det ikkje, 22 for det skal koma upp falske Kristar og falske Profetar og gjera Teikn og Under, til at forvilla sjølve dei utvalde, um det var moglegt. 23 Men vakte dykker; sjaa, eg hever fyresagt dykker alt. 24 Men i dei Dagarne, etter denne Trengsla, skal Soli myrkna, og Maanen skal missa sitt Skin, 25 og Stjernorna skulo rapa av Himmelen, og dei Krafter, som ero i Himlom, skulo verda skjekne. 26 Og daa skulo dei sjaa Menneskje-Sonen koma i Skyer med stor Kraft og Æra; 27 og daa skal han senda sine Englar og skal samna sine utvalde fraa dei fjore Vindarne fraa Enden paa Jordi til Enden paa Himmelen. 28 Men lære ein Likning av Fiktreet: Naar det fær Sevja i Greinerna og Lauvet spretter, so vita de at Sumaren er nær; 29 so skulo de ogso vita, naar de