Side:Markusevangeliet (1870).djvu/50

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

„Vakte dykker fyre dei skriftlærde som gjerna vilja ganga i side Klæde og lata helsa seg paa Torgom 39 og gjerna sitja i fremste Sætom i Samningsstovom og i Høgsætom i Gjestebodom; 40 dei som eta upp Husi til Enkjom og halda langa Bøner fyre Syn Skuld. Dei skulo faa dess hardare Dom.“

41 Og Jesus sette seg midt imot Offerkista og saag kor Folket lagde Peningar i Offerkista; og mange rike lagde myket i. 42 Og det kom ei fatig Enkja og lagde i tvo Skjervar, det er so myket som ein Kvitt. 43 Og han kallade sine Læresveinar og sagde til deim: „Sannlege segjer eg dykker, denne fatige Enkja hever lagt meir i en alle som hava lagt i Offerkista; 44 for dei hava alle lagt i av sin Rikdom, men ho lagde i av si Armod alt det som ho aatte, alt sitt Livsupphelde.“

13. Kapitel.

Jesus talar um Øydeleggingi av Jerusalem og um si Tilkoma, 1—37.

1 Og daa han gjekk ut or Templet, sagde ein av hans Læresveinar til honom: „Sjaa, Meister, kvat Steinar og kvat Bygningar!“ 2 Og Jesus sagde til honom: „Seer du desse store Bygningar? Der skal ikkje verda liggjande Stein paa Stein som ikkje verder nedriven.“ 3 Og daa han sat paa Oljeberget midt imot Templet, spurde Petrus og Jakob og Johannes og Andreas honom einslege: 4 „Seg oss, naar skal detta verda, og kvat skal vera Teiknet, naar