Side:Markusevangeliet (1870).djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Evangelium etter Markus.
1. Kapitel.

Johannes talar til Folket og døyper, 1—8. Jesus verder døypt, 9—11; verder freistad, 12—13; forkynner Evangelium i Galilea; kallar Petrus, Andreas, Jakob og Johannes, 14—20; lærer i Samningsstova i Kapernaum og lækjer der ein forgjord, 21—28; lækjer Vermoder til Petrus og andre sjuke og forgjorde; gjenger burt at bidja; talar til Folket i heile Galilea og driver ut Djevlar, 29—39; lækjer ein spitelsk, 40—45.

1 Detta er Upphavet til Evangelium um Jesus Kristus, Guds Son — 2 so som det er skrivet hjaa Profeten Jesaia: Sjaa, eg sender min Engel fyre deg som skal greida din Veg. 3 Det er ei Røyst fraa den som ropar i Øydemarki: Greide Herrens Veg, jamne hans Stigar — 4 at Johannes Døypar var i Øydemarki og forkynte Umvendings Daupen til Forlatning fyre Synderna. 5 Og det gjekk ut til honom heile Judea Land og alle Jerusalems Ibuar, og dei vordo døypte av honom i Jordans Elv, med di dei vedkjendest sina Synder. 6 Og Johannes var