Side:Markusevangeliet (1870).djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

saarade honom i Hovudet og svivyrde honom. 5 Og han sende ein annan, og honom slogo dei i Hel; og likaso med mange andre; sume slogo dei, sum draapo dei. 6 Men endaa hadde han ein einaste Son som han elskade myket; honom sende han sidstpaa til deim og sagde: Dei vilja skjemmast fyre Son min. 7 Men desse Vingardsmennerne sagde seg imillom: Dette er Ervingen; kom, lat oss drepa honom, so verder Arven vaar. 8 Og dei toko honom og draapo honom og kasstade honom ut fyre Vingarden. 9 Kvat skal so vingardsherren gjera? Han skal koma og døyda Vingardsmennerne og giva Vingarden til andre. 10 Hava de ikkje leset denne Skrifti: 11 Den Sten, som Bygningsmennerne kastade burt, han er vorden ein Hyrnestein; av Herren er han so vorden og er underfull i vaare Augo?“ 12 Og dei søkte at gripa honom, men ottadest fyre Folket, for dei skynade at han hadde sagt denne Likningen mot deim. Og dei forleto honom og gingo burt.

13 Og dei sende til honom nokre av Farisearne og av Folket til Herodes, at dei skulde fanga honom i Ord. 14 Og daa dei komo, sagde dei til honom: „Meister, me vita at du er sannmælt og skøyter ikkje um nokon, for du vyrder ikkje Maans Aasyn, men lærer Guds Veg i Sanning. Er det rett at giva Keisaren Skatt elder ei? Skulo me giva elder inkje giva?“ 15 Men han saag deira Skrymt og sagde til deim: „Kvi freista de meg? Faa meg ein Pening, at eg fær sjaa honom.“ 16 Og dei fingo ho-