Side:Markusevangeliet (1870).djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

hever gjevet deg Magti til at gjera detta?“ 19 Men han sagde til deim: „Eg vil ogso spyrja dykker um nokot; svare de meg, og eg skal segja dykker av kvat Magt eg gjerer detta. 30 Johannes Daup, var han av Himmelen elder av Menneskja? Svare meg.“ 31 Og dei tenkte med seg og sagde: „Um me segja av Himmelen, so vil han segja: Kvi trudde de honom daa ikkje? 32 Men skulo me segja han var av Menneskja?“ Daa ottadest dei fyre Folket, for alle heldo fyre at Johannes var i Vissa ein Profeet. 33 Og dei svarade og sagde til Jesus: „Me vita det ikkje.“ Og Jesus sagde til deim: „Daa segjer eg dykker ikkje helder av kvat Magt eg gjerer detta.“

12. Kapitel.

Jesus forteler Likningen um Vingadsmennerne, 1—12; svarar Farisearne og Folket til Herodes um Skatteveningen, 13—17; svarar Saddusearne um Uppstandingi, 17—27; svarar den skriftlærde um det fremste Bodord, 28—34; talar mot den Meining som dei skriftlærde hadde um Kristus, 35—37; varar fyre dei skriftlærde, 38—40; talar um Gaava av Enkja, 41—44.

1 Og han tok til at tala til deim i Likningar: „Ein Mann plantade ein Vingard og sette Gard i Kring og grov ei Vinpersa og bygde eit Torn og leigde honom ut til Vingardsmenner og foor i framandt Land. 2 Og daa Tidi var til, sende han ein Tenar til Vingardsmennerne, at han skulde heimta av deim Vingardssrukti. 3 Og dei toko honom og slogo honom og sende honom tomhendt burt. 4 Og atter sende han ein annan Tenar til deim; og dei