Side:Markusevangeliet (1870).djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

senda honom hit.“ 4 Og dei gingo burt og funno Folen bunden fyre Dyri ute paa Gata og løyste honom. 5 Og nokre av deim, som der stodo, sagde til deim: „Kvat gjera de, at de løysa Folen?“ 6 Men dei sagde til deim so som Jesus hadde sagt, og dei leto deim fara. 7 Og dei førde Folen til Jesus og lagde Klædi sine paa honom, og han sette sig paa honom. 8 Og mange breidde Klædi sine paa Vegen, andre straadde Greiner, som dei hadde hogget i Marki. 9 Og dei som gingo fyre, og dei som fylgde etter, ropade: „Hosianna, velsignad vere den som kjemer i Herrens Namn! 10 Velsignat vere det komande Riket til vaar Fader David! Hosianna i Høgdi!“

11 Og han gjekk inn i Jerusalem i Templet. Og da han hadde skodat kringum paa alle Ting og det leid til Kvelds, gjekk han ut til Betania med dei tolv. 12 Dagen etter, da dei gingo fraa Betania, hungrade han. 13 Og daa han saag eit Fik-tre langt burte som hadde Lauv, gjekk han dit, um det kunde henda at han fann nokot paa det; og daa han kom til det, fann han ikkje annat en Lauv, for det var ikkje Frukttid. 14 Og han tok til Ords og sagde til det: „Heretter skal ingen eta Frukt av deg til æveleg Tid.“ Og hans Læresveinar høyrde det.

15 Og dei komo til Jerusalem. Og han gjekk i Templet og tok til at driva ut deim som selde og køypte i Templet, og velte Bordi til deim som vekslade Pengar, og Stolarne til deim som selde Duvor, 16 og gav ikkje Lov til at nokon bar Kjerold igjenom