Side:Markusevangeliet (1870).djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

at det var Jesus fra Nazaret, tok han til at ropa og segja: „Jesus, Davids Son, miskunna deg yver meg!“ 48 Og mange trugade honom, at han skulde tegja, men han ropade myket dess meir: „Davids Son, miskunna deg yver meg!“ 49 Og Jesus stadnade og bad deim kalla honom fram. Og dei kallade paa den blinde og sagde til honom: „Ver trøystig, statt upp, han kallar paa deg.“ 50 Og han kastade si Kappa, sprang upp og kom til Jesus. 51 Og Jesus svarade og sagde til honom: „Kvat vil du at eg skal gjera deg?“ Men den blinde sagde til honom: „Herre, at eg maatte faa mi Syn.“ 52 Og Jesus sagde til honom: „Gakk, di Tru hever hjelpt deg.“ Og med det same fekk han si Syn atter og fylgde honom paa Vegen.

11. Kapitel.

Jesus rider til Jerusalem, 1—10; han bannstøyter Fiktreet, 11—14; reinsar Templet, 15—19; aaminner Læresveinarne at hava Tru og forlata, 20—26; vil ikkje segja, av kvat Magt han verkade, 27—33.

1 Og da dei komo nær ved Jerusalem til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende han tvo av sine Læresveinar av 2 og sagde til deim: „Gange inn i Byen som ligger framfyre dykker, og so snart som de koma inn i honom, skulo de finna ein Fole bunden som endaa aldri nokon Mann hever setet paa; løyse honom og føre honom hit. 3 Og um nokon segjer til dykker: Kvi gjera de detta? so segje: Herren trenger um honom; og han skal med det same