Side:Markusevangeliet (1870).djvu/33

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Byarne ved Cæsarea Filippi. Og paa Vegen spurde han sine Læresveinar og sagde til deim: „Kven segja Folk at eg er?“ 28 Og dei svarade honom og sagde: „Johannes Døypar; meir sume, Elias; og andre, ein av Profetom.“ 29 Og han spurde deim: „Men kven segja de at eg er?“ Og Petrus svarade og sagde til honom: „Du er Kristus.“ 30 Og han trugade deim at dei skulde ikkje segja til nokon um honom. 31 Og han tok til at læra deim at Menneskje-Sonon skulde mangt lida og verda forkastad av dei eldste og Øvsteprestane og dei skriftlærde og verda ihelslegen og standa upp etter tri Dagar. Og han sagde deim detta med greide Ord. 32 Og Petrus tok honom avsides og tok til at tala honom til rettes. 33 Men han snudde seg og saag paa sine Læresveinar og talade Petrus til rettes og sagde: „Gakk fraa meg Satan, for du skynar ikkje det som er av Gud, men det som er av Menneskja.“

34 Og han kallade til seg Folket og sine Læresveinar og sagde til deim: „Den som vil fylgja meg, han avsegje seg sjølv og take upp sin Kross og fylgje meg. 35 For den som vil berga sitt Liv, han skal missa det; men den som misser sitt Liv fyre mi Skuld og Evangelium Skuld, han skal berga det. 36 For kvat gagnar det Menneskja, um ho vann all Verdi, men tok Skade paa si eigi Saal? 37 For kvat kann Menneskja giva til Løysing fyre si Saal? 38 For den som blygjest ved meg og mine Ord hjaa