Side:Markusevangeliet (1870).djvu/32

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

„Sjaae til og vakte dykker fyre Surdeigi til Farisearne og Surdeige til Herodes.“ 16 Og dei raadlagde seg imillom, av di dei hadde inkje Braud. 17 Og Jesus merkade det og sagde til deim: „Kvi raadleggja de, fyre di de ikkje hava Braud? Merka de endaa inkje og skyna ikkje helder? Hava de endaa dykkar Hjarta hardnat? 18 Hava de Augo og sjaa ikkje? Hava de Øyro og høyra ikkje? Og minnast de inkje? 19 Daa eg skifte dei fem Braudi imillom dei fem Tusund, kor mange Korger fulle med Molar toko de upp?“ Dei sagde til honom: „Tolv.“ 20 Og daa eg Skifte dei sjau Braudi imillom dei fjore Tusund, kor mange Korger fulle med Molar toko de upp?“ Og dei sagde: „Sjau.“ 21 Og han sagde til deim: „Skyna de endaa ikkje?“

22 Og dei komo til Betsaida; og dei førde til honom ein blind Mann og baado at han vilda taka paa honom. 23 Og han tok den blinde i Handi og leidde honom ut fyre Byen og sputtade i hans Augo, lagde Henderne paa honom og spurde honom, um han saag nokot. 24 Og han saag upp og sagde: „Eg seer Menneskjorna, for eg seer deim lika som Tre gangande kringum.“ 25 So lagde han atter Henderna paa hans Augo; og han saag og vardt lækt og saag alle Ting skilet. 26 Og han sende honom heim og sagde: „Gakk ikkje inn i Byen og seg det helder ikkje til nokon i Byen.“

27 Og Jesus gjekk ut og hans Læresveinar til