Side:Markusevangeliet (1870).djvu/30

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ved Tyrus, kom han um Sidon til Sjoen i Galilea midt igjenom Dekapolis Landemerke. 32 Og dei førde til honom ein som var dauv og knapt kunde tala, og dei baado honom leggja si Hand paa honom. 33 Og han tok honom avsides fraa Folket og stakk sine Fingrar i hans Øyro, og han sputtade og tok paa hans Tunga, 34 og han saag upp mot Himmelen, sukkade og sagde til honom: „Effata!“ det er: opna deg. 35 Og med det same opnadest hans Øyro og hans Tungeband losnade og han talade greidt. 36 Og han forbaud deim at segja det til nokon; men di meir han forbaud deim detta, di meir kunngjorde dei det. 37 Og dei undradest storlege og sagde: „Han hever gjort alle Ting vel; dei dauve gjerer han høyrande og dei maallause talande.“

8. Kapitel.

Jesus mettar fjore tusund Mann, 1—10; neittar at giva Farisearne eit Teikn; fer tilbaka til Galilea; talar um Surdeigi til Farisearne og til Herodes, 11—21; giver ein blind Syni i Betsaida, 22—26; fer til Cæsarea Filippi. Petrus vitnar um honom at han er Kristus. Jesus talar um si Liding og Daude og Uppstanding; talar honom Petrus til rettes, 27—33; lærer um Sjølvavseging og Vedkjenning av honom, 34—38.

1 I dei Dagarne, daa det atter var myket Folk og dei inkje hadde at eta, kallade han sine Læresveinar til seg og sagde til deim: 2 „Eg ynkast yver Folket, for dei hava no voret med meg i tri Dagar