Side:Markusevangeliet (1870).djvu/29

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

honom? 19 For det gjenger ikkje inn i hans Hjarta, men i Magen, og hever sin naturlege Gang som reinsar all Føda.“ 20 Og han sagde: „Det som gjenger ut av Mannen, det vanhelgar honom; 21 for innanfraa av Mannsens Hjarta gjenger det ut vonde Tankar, Hor, Lauslivnad, Mandraap, 22 Tjuvskap, Girugskap, Vondskap, Svik, Utugt, vondt Auga, Spottord, Ovmod, Vitløysa. 23 Alle desse vonde Ting koma innanfraa og vanhelga Mannen.“

24 Og han stod upp og foor derifraa til Landemerki ved Thyrus og Sidon og gjekk inn i eit Hus og vilde at ingen skulde vita det, og han kunde daa ikkje vera duld, 25 men ei Kona, som aatte ei Dotter, som hadde ein urein Ande, fekk med det same høyra um honom og kom og fall ned fyre hans Føter. 26 Men Kona var av Heidnefolket, fyrofønikisk av Ætt. Og ho bad honom at han vilde drive Djevelen ut av Dotter hennar. 27 Og han sagde til henne: „Lat Borni fyrst verda mette, for det er ikkje vænt at taka Braudet til Bornom og kasta det fyre Hundarne.“ 28 Og ho svarade og sagde til honom: „Ja, Herre, men ogso Hundarne eta under Bordet av Molarne etter Bornom.“ 29 Og han sagde til henne: „Fyre dette Ordet Skuld, so gakk; Djevelen er utfaren av Dotter di.“ 30 Og daa ho kom hjem, fann ho Dotter si liggjande paa Sengi og Djevelen utfaren.

31 Og daa han gjekk ut atter fraa Landemerki