Side:Markusevangeliet (1870).djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

til at føra dei sjuke i Kring i Sengjer dit som dei høyrde han var. 56 Og kvarhelst han gjekk inn i Byar elder Stader elder paa Landet, so lagde dei dei sjuke paa Torgi og baado honom at dei maatte berre faa taka paa hans Klædefald; og alle dei, som toko paa honom, vordo lækte.

7. Kapitel.

Jesus refser dei skriftlærde fyre deira Skrymt; talar um det ytre og det indre, 1—23; fer til Fønikia; lækjer Dotteri til den fyrofønikiske Kona fyre ein urein Ande, 24—30; fer til Peræa; lækjer ein dauv og maallaus, 31—37.

 Daa samnadest til honom Farisearne og nokre av dei skriftlærde som vaaro komne fraa Jerusalem. 2 Og daa dei saago nokre av hans Læresveinar eta Braud med vanheilage, det er utvegne Hender, lastade dei paa det. 3 For Farisearne og alle Jødar eta ikkje, utan dei tvaa Henderna vel, og halda i detta Fyreskrifti til dei gamle; 4 og naar dei koma av Torget, eta dei ikkje, utan dei tvaa seg fyrst; og mangt annat er det som dei hava vedteket at halda, so som Tvætting paa Drykkjekjerold og Kannor, Koparkjerold og Benkjer. 5 Og Farisearne og dei skriftlærde spurde honom: „Kvi fylgja ikkje dine Læresveinar Fyreskrifti til dei gamle, men eta Braud med vanheilage Hender?“ 6 Men han svarade og sagde til deim: „Rettelege hever Jesaia spaatt um dykker, Skrymtararne! so som skrivet er: Dette Folket hei-