Side:Markusevangeliet (1870).djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

einaste ein Stav, ikkje Skreppa, ikkje Braud, ikkje Peningar i Beltet, 9 men hava Solar bundne paa seg og ikkje vera iførde tvo Kjolar. 10 Og han sagde til deim: „Kvarhelst de ganga inn i eit Hus, so verde der verande, til dess de fara burt fraa den Staden. 11 Og der dei inkje vilja mottaka dykker elder høyra dykker, so gange derifraa og riste Sorpet av dykkar Føter til Vitne mot deim.“ 12 Og dei gingo ut og talade til Folket at dei skulde umvenda seg. 13 Og dei drivo ut mange Djevlar og smurde mange sjuke med Olje og lækte deim.

14 Og Kong Herodes høyrde um Jesus, for hans Namn hadde vordet kunnigt, og dei sagde: „Johannes Døypar er staden upp fraa dei daude, og difyre syna seg kraftuge Gjerningar i honom.“ 15 Men andre sagde: „Det er Elias;“ andre sagde: „Det er ein Profeet, so som ein av hine Profetom.“ 16 Men daa Herodes høyrde det, sagde han: „Johannes som eg leet halshogga, han er staden upp fraa dei daude.“ 17 For Herodes hadde sjølv sendt av og latet gripa Johannes og sett honom i Fengsl fyre Herodias Skuld, Kona til Filippus, Broder hans; for han hadde gift seg med henne. 18 For Johannes sagde til Herodes: „Det er ikkje rett at du hever di Broderkona.“ 19 Men Herodias stod etter honom og vilde døyda honom, men fekk det ikkje. 20 For Herodes ræddadest fyre Johannes, med di han viste at han var ein rettferdig og heilag Mann, og han