Side:Markusevangeliet (1870).djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ande skulo sjaa og ikkje merka, og dei høyrande høyra og ikkje skyna, so at dei ikkje nokor Tid skulo verda umvende og faa Forlatning.“ 13 Og han sagde til deim: „Skyna de ikkje denne Likningen? Og kor vilja de daa skyna alle Likningarne? 14 Sædemannen saar Ordet. 15 Og desse ero dei ved Vegen, der som Ordet verder saatt, og naar dei hava høyrt det, kjemer Satan med det same og teker burt Ordet som var saatt i deim. 16 Og desse ero sameleides dei som ero saadde i steinutt Mark, som, naar dei hava høyrt Ordet, mottaka det med det same med Gleda, 17 og dei hava ikkje Rot i seg og standa berre fyre ei Tid; sidan, naar det kjeme Trengsla og Forfylgning paa fyre Ordet Skuld, verda dei snart forførde. 18 Og desse ero dei som ero saadde imillom Tyrnar, slike som hava høyrt Ordet; 19 og Suterna i Verdi og Forlokkingarne av Rikdomen og Lostarne til andre Ting ganga inn og kjøva Ordet, og det verder utan Frukt. 20 Og desse ero dei som ero saadde i god Jord, slike som høyra Ordet og mottaka det og giva Frukt, sume trettifald, sume sekstifald og sume hundradfald.“

21 Og han sagde til deim: „Bera dei Ljos inn til at setja det under ei Skjeppa elder under Benken? Er det ikkje til at setja det i Ljosstaken? 22 For der er inkje løynt som ikkje skal verda openert, og der er inkje dult utan det kjemer i Dagen. 23 Um nokon hever Øyro til at høyra, han høyre.“ 24 Og han sagde til deim: „Agte paa det som de høyra.