Side:Markusevangeliet (1870).djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
4. Kapitel.

Jesus lærer fraa Baaten; forteler og tyder Likningen um Sædemannen, 1—20; talar um Ljoset og den rette Høyrsla, 21—25; liknar Guds Rike med det veksande Sædet, 26—29; liknar Guds Rike med Senapskornet, 30—34; ser yver Sjøen og stiller Stormen, 35—41.

1 Og han tok til at læra ved Sjoen atter, og det flokkadest ein stor Folkehop til honom, so at han steig i ein Baat og sat paa Sjoen; og alt Folket var paa Landet fram med Sjoen. 2 Og han lærde deim mangt i Likningar og sagde til deim, medan han lærde: 3 „Lyde aat! Sjaa, det gjekk ein Sædamann ut og skulde saa. 4 Og det hende seg, daa han var aat og saadde, at sumt fall ved Vegen, og Fuglarne komo og aato det upp. 5 Og sumt fall i steinutt Mark, der det ikkje hadde myket Jord, og det rann snøgt upp, av di det hadde ikkje djup Jord; 6 men daa Soli var upp, tornade det og visnade, av di det hadde ikkje Rot. 7 Og sumt fall imillom Tyrnar, og Tyrnarne vokso upp og kjøvde det, og det gav ingi Frukt. 8 Og sumt fall i god Jord og gav Frukt, som rann upp og voks; og sumt gave trettifald, sumt sekstifald og sumt hundradflad.“ 9 Og han sagde: „Den som hever Øyro til at høyra, han høyre.“ 10 Og daa han var einsaman, spurde dei, som vaaro med honom med dei tolv, um Likningarne. 11 Og han sagde til deim: „Dykker er gjevet Løyndomen i Guds Rike; men deim, som utanfyre ero, verder allting gjevet i Likningar, 12 so at dei sjaa-