Side:Markusevangeliet (1870).djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
3. Kapitel.

Jesus lækjer paa Kviledagen ein Mann med ei visnad Hand, 1—6. Det kjemer myket Folk til Jesus og verder lækt. Ureine Ander falla ned fyre honom, 7—12. Jesus veler sine tolv Læresveinar, 13—19. Dei skriftlærde skulda honom fyre at driva Djevlar ut med Beelzebul. Jesus talar um Synd mot den heilage Ande, 20—30; visar kven som ero hans rette Skyldfolk, 31—35.

1 Og han gjekk inn atter i Samningsstova, og der var ein Mann som hadde ei visnad Hand. 2 Og dei vaktade paa honom, um han vilde lækja honom paa Kviledagen, so dei kunde klaga honom. 3 Og han sagde til Mannden som hadde den visne Handi: „Gakk fram!“ 4 Og han sagde til deim: „Er det rett at gjera godt paa Kviledagen elder at gjera ilt? at berga eit Liv elder døyda det?“ Men dei tagde. 5 Og han saag kringum paa deim med Vreide, sorgfull yver deira harde Hjarta, og sagde til Mannen: „Rett fram Handi!“ Og han rette henne fram, og hans Hand vardt heil atter. 6 Og Farisearne gingo ut og lagde med det same Raad mot honom saman med Folket til Herodes, kor dei kunde føra honom i Ulukka.

7 Men Jesus drog seg undan med sine Læresveinar til Sjøen, og det fylgde honom myket Folk fraa Galilea og fraa Judea 8 og fraa Jerusalem og fraa Idumea og fraa hi Sida aat Jordan; og dei, som budde i Kring um Tyrus og Sidon, komo til honom, ein stor Hop som høyrde um hans Gjerningar. 9 Og han sagde til sine Læresveinar at ein