Hopp til innhold

Side:Lauvduskar 1-2.djvu/93

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

93

sannt Vikingliv med sine mange nUgar, som ho kvart Aar hadde etter seg. Ho var helder smaatt fødd heima, so ho maatte ut i Viking. Der var ikkje det Hol, som ho ikkje fann, og ho sveivde av Hempor og lyfte Dyrar av Hengslom med Tranten sin, og altid hadde ho ein Bakveg, so ho smatt undan, um Manngarden vardt sett paa hena. Ho stelte tidt sume av Ungarne sine liksom paa Vakt, og ho sprang yver Stokk og Stein og Grind og Gjerde og altid der, som Folk var minst. Det var eit „strategisk Geni“. Men mager var ho, so eg saag her som fyrr med Nautet, at Grisen helder ikkje maa vera for klok. Det er Tanken med honom aa faa Flesk, og den Upptemjing, som gjeng ut paa aa skjerpa hans Forstand, er skakk og skjeiv. Han skal faa somyket Mat, han, at han siter paa Huk og dreger Bakbulen etter seg, og sviv ikring paa Solen sin, — verdt „hukegjødd“, som det heiter. Men Sui paa Morast, ho leid vondt, og var difyre „intelligent“, men mager. Ein Poet skulde hava det som ho, men ikkje eit Svin; for han skal giva Tankar, han.

Og paa sama Tid som Grisen var eit „Studium“, so var eg ikkje mindre god med honom fyre di. Grisen kan vera fin, naar han er liten, og eg heve leset um, at spanska Damor utav den beste Adel i Sellskap hava ein liten kvit Grisunge med seg i ein Silkeklut liksom til Fangbikkja. Anten no detta er sannt elder ei, so er Veslegris so fin og rein og skjemtefull, at han er den beste Barneleika. Han ugjerest, naar han verd større, han liksom somange andre Dyr. Me hadde altid ein Husgris heima, og slikt som han pustad i Oska, og alle dei Kunster, han gjorde, og slikt som han kastad paa Nakken og godgrylte, skal eg aldri gløyma. Han voks til og maatte ut i Hu-