8
um Skinnet og vilde endelega hava det atter. Det heve voret sagt, at denne Futen hadde eingong gjort ei Vælgjerning, med di han hadde gjevet ein Stakar nokre Skillingar; det gjorde saa myket, at Styggemannen var inkje viss paa, um han hadde fulle Retten til honom, og difyre vilde han til større Vissa hava Skinnet ut or Kyrkja. No bad han fint og fagert, at Svein skulde senda honom det og baud honom store Pengar fyre det. „Ja, fær eg alle Pengarne, som Futen skinnad i Hop, so kann det vera,“ sagde Svein. Mannen lovad, at han skulde faa deim, og sidan gjekk han ut og var burte ei lang Stund; daa kom han atter med ein stor Pengesekk paa Ryggen og var myket trøytt og mod. „Dette er vist inkje alle Pengarne etter Futen; eg er stød paa, at han hadde meir en dette;“ sagde Svein. „Det vantar berre ein Skilling, som heve faret ned igjenom eit Golv,“ sagde Mannen. „Ja, honom vil eg hava,“ sagde Svein. Mannen gjekk ut og var lenge burte; og sidan kom han daa atter med ein Skilling. „Det er væl nog; men endaa er vist inkje alle Pengarne komne,“ sagde Svein. „Det vantar berre ein Skilling, som er stungen inn i ei Sprunga paa ein Vegg, men honom kann ingen finna,“ sagde Mannen. „Ja, honom vil eg og hava,“ sagde Svein; og so laut Mannen ut atter og leita etter Skillingen i Veggen; men det vardt verre fyre honom en alt det andre: for Saki var den, at det var eit Blad av ei utsliti Messebok, som var stunget inn i same Sprunga i Veggen, og detta Bladet kunde han inkje røra. Daa han no hadde strævat ei Stund med detta, og altsaman var faafengt, so kom han atter til Svein og sagde, at han var slett inkje god til aa finna Skillingen. Daa syntest Svein hava vunnet, og difyre