Hopp til innhold

Side:Lauvduskar 1-2.djvu/69

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

69

Nordmannen.


Tone: Dei vil altid klaga og kyta.

1. Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

2. Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
„Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.“

3. Kring um Dalen stod Fjelli som Grindar,
men um Bergi var grasgrøne Band;
der han gjekk millom Heidar og Tindar,
og der saag han so vidt yver Land.

4. Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.

5. Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte
fekk han Hug til si heimlege Strand.