Hopp til innhold

Side:Lauvduskar 1-2.djvu/67

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

67

10. Inn so kom han Hølge Kvass,
det tyktest bresta under Tilja:
„Konge du skal meg di Dotter giva
alt med godan Vilje!“
„Du skal hena inkje faa,“ sa’ han unge Raamund.

11. Og det var no han Hølge Kvass,
han glutte seg bak yver Herd:
„Kvat er det fyr ein liten Svein,
som seg mun tru so væl?“
„Aa, det er no fulla eg,“ sa’ han unge Raamund.

12. Og sinnad so vardt han Hølge Kvass,
han stukad i alle Mollom:
„Du Raamund, du skal meg møta idag,
alt ut-aa Leikarvollom!“
„Eg skal deg fulla møta,“ sa’ han unge Raamund.

13. Og fyre gjekk alle Konungs Hovmenn’
og alle i Brynjurna side,
men etter gjekk Raamund Bondens Son,
han slefte paa Klubba den fride.
„No er mi Klubba skeft,“ sa’ han unge Raamund.

14. Det var no han Hølge Kvass,
han sneidde etter Konungs Merke,
Kongen og Hovmennenn’ saag derpaa,
dei skolvo som Ringen i Serki.
„Aa, de tarv no inkje skjelva,“ sa’ han unge Raamund.

5*