Hopp til innhold

Side:Lauvduskar 1-2.djvu/60

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

60

lika eins som dei skriva um dei ville Folki ut ved Sudhavet. Men dei skriva inkje nokot um, korleides dei fara aat sjølve; me, vaare Stakarar, faa alltid høyra, at me fara rangt aat; men me faa aldri høyra kvat som er den rette Aatferdi. Difyre hava me inkje onnor Raad en aa spyrja slike Folk, som hava tent i Kaupstaden, elder ogso ljota me fara til Staden sjølve og ganga igjenom Gatorna og glosa inn igjenom Glaset til deim, som kunna den rette Visi. Der kunna me sjaa, kor mangt og mynet det er, som vantar oss, og kor naudsynlegt det er aa gjera eit Umbrøyte i alt vaart Stell og Styr. Me ljota hava eit nytt Klædestell; det fær ikkje hjelpa, um det er mødelegt og uhøvelegt til aa ganga med i Skog og Mark og paa dyutte Vegjer, og um det kann trenga til Bøting og Vasking kvar einaste Dag. Me ljota hava eit nytt Matstell med Kaal og Gras og med Krabbar og Østror og alt slikt; det fær ikkje hjelpa, um det er motburdsamt, elder um ein tykjer det er berre til Vombarfyll og korkje til Magt elder Mette. Me ljota hava eit nytt Husstell med blanke Bord og Skaaper, med kvita Remsor yver Glaset og med rosutte Bladverk utyver Veggjerne, altsaman so tunt og fint, at det korkje toler Dogg elder Dumba; det fær ikkje hjelpa, um det er heftesamt aa halda det heilt og reint. So ljota me halda Gjestebod, kvar Gong det hender nokot heppelegt i Landet, og koma i Hug aa halda det same Dagen kvart Aar; og framfyre alt annat maa me koma i Hug den Dagen i Aaret, daa me var fødde; daa ljota me halda eit stort Lag, for det maa no fulla vera ein merkverdig Dag, daa slik ein oversleg Skapnad kunde koma til Verdi. Og naar me daa halda Lag, so ljota me halda Talar og bjoda ut Skaaler fyre kvarandre