58
nar oss her i Kveld, skulde vistnog synast vera myket smaalegt og litet vyrdande; men me liva paa ei Tid, daa der verd ofta gjort myket av litet og allerhelst ein stor Tale um ein liten Ting. Her heve butt Folk i Bygdi fyrr, men dei hava inkje bygt Benkjer og sett ut under Bjørkjerna, at Folk skulde sitja der og sola seg og sjaa ut yver Marki. At slikt kann verda gjort no i desse Tider, det held eg fyre, er eit Merke paa ein forbisnande Framgang; det er eit merkjelegt Tidar Teikn, som Avisorna segja. Og den, som les Avisorna væl, han vil sjaa mange merkjelege Tidar Teikn; og den, som er noko-litet framsynt, han vil sjaa mange store Umbrøytingar i Framtidi. Det er kloke Folk, som kviskra til kvarandre, um at det gamle Bonde-Livet heve gjort sitt sidste Sprang, at det held paa aa siga undan inn i dei inste Avholorna i Landet, og at det inkje meir torer syna seg der, som ein Straale av det nye Ljoset er inn komen. Me kann ikkje ganga soleides heile Tidi og lyda paa, at Folk skal gjera Narr av oss og skjemma paa oss baade i Skrift og Tale, fyredi at me skal vera so gapne og griselege, so hatige mot alle nye Seder, og so fulle av gamle Vandomar elder Fordomar, som dei kalla det. Kvi skulde me vera Bytingar meir en andre Folk? Det er mange Gapar, som hava den Tanken at me gjerna kunde læra myket nytt og godt og endaa bruka den gamle Visi; me kunde verda baade kloke og seduge og endaa halda paa same Husbunaden, same Klædebunaden og same Maalet, som Forfederne vaare brukad. Men de kann prøva, godt Folk, kor langt de koma med di. Du kann vera so lærd og vis, og so hag og hendig som du vil: heve du ikkje nokot, som syner seg utanpaa, so er du halden fyre ein Gap og ein Stakar lika tidlega.