55
Sængi; det versnad og versnad med henne, og so fingo me inkje Bod til Foreldri og Doktaren, fyrr um Sundagen, daa ho døydde, fyrr dei komo fram. Det var just paa denne Aarstid og ein Dag som idag. Er det ikkje undarlegt med det? Herregud! me vita ’kje langt fram!“
Denne Soga sveiv fyre meg, daa eg hadde lagt meg og sløkkt Ljoset. Her i denne Sængi hadde Ragnhild døytt; eg snudde meg mot Veggen til inkje aa sjaa, og so høyrde eg, at Klokka paa Veggen pikkad, og at det singlad og song i ei Glasruta. Eg dytte meg ned i Klædom; men so høyrde eg ein Smell i Veggen. Tilslut fekk eg daa Magt yver denne Rædsla, som enno siter i meg fraa slike gamle Fortelningar um Draugar og Trollskap i min Barndom. Eg tok til Vitet og sagde: „Kom, kom reine sæle And! du kan inkje annat vilja en godt.“ Eg bar i liksom aa sovna, og i Draumen tykte eg, at eg song:
Du er so rein, du er so sæl.
Eg Guten din er ikkje lik:
her skal du ikkje finna Svik.
No er du løyst fraa alle Band.
og det eg søkjer, er ei And.
Det, som du leid, eg veit med meg,
so eg, so eg kann hugga deg.
Her skal du finna Hjarta varmt.
Ajei, at Livet er so armt:
Det Mønster, som me tenkte paa,
det faa me aldri aldri sjaa;
og difyr Draumen, Draumen daa,
er det som leikar til og fraa.
Aasmund Vinje.