Hopp til innhold

Side:Lauvduskar 1-2.djvu/54

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

54


sagde eit Ord, som inkje var uvitugt; han slog i Bordet, so det skrall i Stova: „Den Guten er havande, Gjenta skal vera hans!“

Bjørnstjerne Bjørnson.





Ho Ragnhild.


„Du skulde hava seet hena Ragnhild!“ sagde Steinvor. „Ho var trulovad med ein rik Gut heima i Bygdi, og alt var godt og væl. Ja daa skulde du hava seet hena Ragnhild: det var so det liksom draup og lyste av henne; ho kvittrad som Fuglen, og der liksom grodde Gras der ho gjekk og stod; men so saag Guten Taket sit med ei rikare Gjenta, elder kvat det no kunde vera; vist var det, at han gjekk burt og trulovad seg med ei onnor, som han no er gift med. Det var stor Synd med henne Ragnhild, detta. Er det ikkje det styggaste, som til er, at ikkje Gutarne skulo lata Gjentorna vera, naar dei ikkje meina nokot med det?“

„Jau det er sannt,“ svarad eg, „men korleides gjekk det med henne Ragnhild?“

„Aa, ho vardt no meir stillfarande av seg, og sat stundom og sturde og stirde og saag framfyre seg, liksom ho skulde sjaa nokot; men so leest ho som aldri var. Men alt som det drog frametter Aari, so vardt ho bleikare og bleikare; ho, som hadde voret so raudleitt! So var det ein Thorsdag her til Sæters, at ho fekk so brennande vondt i Hovudet. Ho lagde seg endaa der burt i denna